Hans Bagger
Hans Bagger | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 23. august 1646 Lund i Skåne |
Død |
30. august 1693 (47 år) |
Yrke | teolog |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Olof Bagger |
Hans Bagger på Commons |
Hans Bagger (23. august 1646–30. august 1693), Hans var ein dansk teolog, prest og biskop.
Skolegang og studie
[endre | endre wikiteksten]Hans Bagger vart fødd i Lund i Skåne, som på den tida var dansk, av foreldra Ole Bagger og Maria Lauridsdotter. I 1656 byrja han på latinskolen i byen. I 1663 studerte han vidare på Københavns universitet, sidan på universitetet i Greifswalde, som den gongen vart styrt av Sverige, ved universitetet i Rostock og ved universitetet i Wittenberg der han studerte under Abraham Calovius.
I 1669) reiste han heim til Lund. Her fekk han ein professorstilling i filosofi, og han vart konrektor ved universitetet i Lund. I 1672 reiste han på ny ut for å studere, denne gongen til Oxford og Cambridge i England for å studere austerlandske språk.
Biskop over Sjælland
[endre | endre wikiteksten]I 1674 vart han kalla heim for å bli stiftsprost og prest ved Vår Frue kirke i København . Han gifta seg 12. november 1674 med Margrethe Schumacher, søster til Peder Griffenfeld. Året etter vart han utnemnd til biskop over Sjællands stift, 29 år gammal.
Administrator og liturg
[endre | endre wikiteksten]Hans Bagger arbeidde for streng luthersk ortodoksi, og for at Danmark-Noreg skulle vere eit reint luthersk land. Då katolikkane forsøkte å få innpass i landet, stod Hans Bagger i spissen for motstanden. Han motarbeidde òg kalvinistane.
Som biskop deltok han i arbeidet med revisjon av «Danske Lovs 2. bog», og han var å revidere kyrkjeritualet. Han fekk samla mange bededagar til ein felles bededag på 4. fredag etter påske. Det var Hans Bagger som skreiv bededagsbøna.
I 1688 utgav han ny alterbok, ei handbok for prestane.